Lista blir stadig lengre over kommunar som signerer oppropet Evakuer barna fra Moria nå.

No ønsker nesten kvar tredje norske kommune barn frå migrantleiren på Lesvos velkommen til seg.

Men blant KrF-kommunane, som vurderer å presse si eiga regjering på denne saka, er det berre 1 av 16 som seier ja.

Slik fordeler ja-plassane seg politisk

Eit stort fleirtal av kommunane som vil ta imot Moria-barn har ordførar frå eit opposisjonsparti.

Politisk fordeler kommunane seg slik:

 

 

Desse kommunane er med på oppropet:

 

Stavanger-ordføraren: – Forteljingane er hjarteskjærande

Mange av dei 107 kommunane vil busetje fleire flyktningar enn dei gjer i dag. Rundt halvparten seier at dei har kapasitet og kompetanse til å ta imot eit større tal.

Stavanger er blant kommunane som ønsker fleire flyktningar og Moria-barn velkommen. I vedtaket frå eit kommunestyremøte i februar, skriv ordføraren:

– Bileta derifrå er frykteleg vonde å sjå, og forteljingane frå menneska som har vore i leiren er hjarteskjærande, skriv Kari Nessa Nordtun (Ap).

– Me skal ikkje berre toe henda våre og overlate engasjementet til Stortinget i slike viktige saker. Til sjuande og sist handlar dette om korleis me opptrer som medmenneske, heiter det frå Stavanger-ordføraren.

Alle Noregs fire største kommunar, Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, har signert oppropet.

LES ÒG: Dette er barna i Moria-leiren

Meiner det viser folkets vilje

Mobiliseringa i kommune-Noreg viser tydeleg kva folket vil, meiner ho som står bak aksjonen Evakuer barna fra Moria nå.

– Barna frå leiren skal bu i kommunane, så det at dei viser at dei vil bidra med sin kapasitet og kompetanse, er uvurderleg, seier Katrin Glatz Brubakk.

I ei ny undersøking svarar også 56 prosent av dei spurde at Noreg bør hente flyktningebarn frå Moria. 23 prosent er ueinige.

– Politisk har det vore stor rørsle lokalt. Me håpar Stortinget vise same hjarterom som dei har vist lokalt, seier Brubakk.

Blant andre land i Europa, har Tyskland, Luxemburg og Storbritannia allereie tatt imot barn frå leiren i Hellas. Finland, Sveits, Portugal og fem andre land har sagt at dei vil gjere det same.

LES ÒG: MDG-Bastholm vil sjå Ropstad banne i gangane på Stortinget: – Han må gjere seg høg og mørk for Moria-barna

Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix
Katrin Glatz Brubakk meiner stemninga i kommune-Noreg stemmer med stemninga hos folk. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Ei humanitær katastrofe

Førre veke kom meldinga om dei første korona-utbrota i leiren på Lesvos. Initiativtakaren bak oppropet har sjølv vore i Moria åtte gonger, og meiner forholda blir verre og verre.

- For kvar dag barna er der, blir dei meir og meir prega, både psykisk og fysisk. Med korona på toppen har farene blitt enno verre. Vilkåra i Moria er ei humanitær katastrofe, seier Brubakk.

Oppropet for å hente ut barn frå leiren har blitt støtta av fleire store organisasjonar, blant andre biskopane, Kyrkjerådet, Kirkens Nødhjelp, Redd Barna og Røde Kors. Onsdag ettermiddag hadde kampanjen 46.350 signaturar frå norske folk.

– Der regjeringa nølar, er folkets tale klar: Hent barna ut av Moria før det er for seint. Barna har inga tid å miste, seier Brubakk.

LES MEIR:

• Vårt Land meiner: På tide at den norske regjeringa tar situasjonen på alvor

Sp vil hente barn frå Moria-leiren – ber Stortinget finne saman

Inga Moria-løysing frå regjeringa – to veker etter dei utsette saka